Regional plan for oppvekst og kompetanse

Av: Natalia Gundersen / Publisert: 18.06.2014 / Oppdatert: 25.02.2015
folkehelse, utdanning, plan
Foto: Hege Schjøth Øveraas, Telemark fylkeskommune
Åpne

Fylkestinget har bestemt at det skal utarbeidast ein Regional plan for oppvekst og kompetanse i Telemark. Fylkesplanen for Telemark 2002-2009 vil bli erstatta og Bærekraftige Telemark Regional planstrategi 2012-2016 vil vera førande for den nye regionale planen. Bærekraftige Telemark framhevar kunnskapstørst, skapartrong, nysgjerrighet og kreativitet som viktige mål for å styrke Telemark sin attraktivitet. I tillegg er vi avhengige av gode bu- og arbeidsmarknadsregionar. Det må leggjas til rette for å lage gode bustadområde, bedriftsstader og besøksstader.

Mål

Livslang læring er viktig for å gje den enkelte tryggleik i eit arbeids- og samfunnsliv som stadig er under utvikling. Vi vil at alle skal ha moglegheit for å kunne tileigne seg kunnskap gjennom heile livet, gjennom å leggje til rette for gode oppvekstvilkår og opplæringstilbod for barn, unge og vaksne, både i og utanfor arbeidslivet, og i formelle og uformelle opplæringsarenaer.

Siktemålet med planarbeidet

  • Utvikle gode strategiar for betre regional samhandling, sette mål og planlegge for oppvekst og kompetanse for Telemark.
  • Lage samordna handlingsprogram for oppvekst og kompetanse. Dei årlege handlingsprogramma skal anslå ressursbehov og danne grunnlag for budsjettarbeid i fylkeskommunen og statsbudsjettet.
  • Planen skal danne eit godt grunnlag for samhandling og samordning mellom ulike interessentar over sektor- og kommunegrenser; fylkeskommunen og statlege etatar, og frivillige- og private organisasjonar innafor oppvekst og kompetanse.
  • Samordning av tiltak/prosjekt innafor temaet, identifisere manglar og prioritere.
  • Legge til rette for samordna verkemiddelbruk og avtaler mellom dei ulike aktørane for å løyse utfordringane.

Satsingsområder

Ut frå utfordringane har planen samla seg rundt fire satsingsområder og med ynskje om å oppnå livslang læring for alle:

Bilde for livslang læring

 

Framdrifts plan

Opphaveleg framdriftsplan:

Bilde for fremdriftsplan regional plan for oppvekst og kompetanse

Ny framdriftsplan: Planprosessen har blitt forlenga på bakgrunn av ny politisk handsaming før Regional plan for oppvekst og kompetanse og med tilhøyrande Handlingsprogram for 2015-2016, kan bli sendt ut til offentleg ettersyn og høyring.

Framdriftsplan i 2015 2016

 

Politisk handsaming 

Forslag på planprogrammet ble vedtatt av fylkesutvalet i juni og var ute på offentleg ettersyn og høyring. Frist for høyringsinnspel var fredag 15.08.2014.

Det blei gjort nokre mindre endringar på bakgrunn av høyringsfråsegn som kom inn på forslaget til Planprogrammet. Det reviderte Planprogrammet blei levert inn til ny politisk handsaming 29.08.2014 og vedtatt i Fylkestinget 21.10-22.10.2014.

Det har blitt lagt opp til brei medverknad i planprosessen med kommunane og andre aktørar med ynskje om å leggje til rette for godt samarbeid og samordning. I august 2014 blei det arrangert startkonferanse med mange invitera aktørar. I november og desember 2014 har arbeidet med planen blitt lagt fram for dei ulike regionråda i fylket.

Telemark fylkeskommune er no ferdig med forslaget til Regional plan for oppvekst og kompetanse. Forslaget til plan var oppe til politisk handsaming i Fylkesutvalet 23.februar 2015 og vart godkjent for offentleg ettersyn og høyring. Høyringsfrist er satt til 17.04.2015.