Fritak norsk sidemål

/ Publisert: 13.08.2012 / Oppdatert: 30.08.2017

Forskrift til opplæringsloven:

Elevar som har hatt rett til særskild språkopplæring på 8., 9. eller 10. årstrinn i grunnskolen eller på Vg1, Vg2 eller Vg3 i vidaregåande opplæring, kan få fritak frå vurdering med karakter i skriftleg sidemål.

Når ein elev i grunnskolen og vidaregåande opplæring får opplæring etter individuell opplæringsplan, avgjer foreldra eller eleven om eleven skal ha vurdering med karakter i skriftleg sidemål. Valretten gjeld berre dersom enkeltvedtaket om spesialundervisning omfattar skriftleg sidemål.

Elevar i heile grunnopplæringa, tidlegare elevar og privatistar i vidaregåande opplæring har også rett til fritak frå vurdering med karakter i skriftleg sidemål dersom dei:

a) på grunn av sjukdom, skade eller dysfunksjon som er diagnostisert av ein sakkunnig, har problem med å greie begge målformene

b) ikkje har gjennomgått ungdomstrinnet i norsk grunnskole

c) fylte vilkåra for fritak frå opplæring eller vurdering i skriftleg sidemål i grunnskolen, men på grunn av dokumentert saksbehandlingsfeil likevel ikkje fekk fritak.

Skoleeigaren skal stryke standpunktkarakter eller eksamenskarakter i skriftleg sidemål dersom en elev eller privatist som har fått innvilga fritak frå vurdering med karakter etter denne føresegna, likevel har fått vurdering i skriftleg sidemål.

 

Ta kontakt med eksamenskontoret dersom du mener du faller inn under et av punktene a, b eller c.