Regional plan for oppvekst og kompetanse

Av: Anlaug Aase Cowles / Publisert: 02.07.2015 / Oppdatert: 08.01.2016
To jenter ligger på gresset og leser, mens dame sykler forbi
Måla og strategiane i planen vil gjelde for heile Telemark på tvers av regiongrenser og kommunegrenser.
Foto: Dag Jenssen
Åpne

Fylkestinget vedtok einstemmig 25. juni «Regional plan for oppvekst og kompetanse for Telemark 2016-2020 – Livslang læring».

Også handlingsprogram for 2015 til 2016 blei vedtatt.

- Planen skal blant anna bidra til å gjere overgangane mellom heim og barnehage, barnehage og grunnskole og grunnskole og vidaregåande skole sømløyse. Telemark fylkeskommune har høye ambisjonar om å hvilke tenester dette fylket skal utføre overfor innbyggarane sine, sa Jørund A. Ruud, leder for hovedutval for kompetanse, under behandlinga.

Meir om planen

Livslang læring er viktig for å gje den enkelte tryggleik i eit arbeids- og samfunnsliv som stadig er under utvikling. Vi vil at alle skal ha moglegheit for å kunne tileigne seg kunnskap gjennom heile livet, gjennom å leggje til rette for gode oppvekstvilkår og opplæringstilbod for barn, unge og vaksne, både i og utanfor arbeidslivet, og i formelle og uformelle opplæringsarenaer.

For å kunne løyse utfordringane og nå mål er Telemark avhengig av kunnskap og samhandling på tvers av lokalt-, regionalt-, nasjonalt- og internasjonalt nivå. Dette gjer vi best i fellesskap, gjennom godt samarbeid og god samordning med både næringslivet, frivillig-, privat- og offentleg sektor på ulike nivå.

Vi ser behovet for å sjå heilhet og samordning i planarbeidet for å møte desse framtidige endringane. Det er dette vi ynskjer å oppnå med Regional plan for oppvekst og kompetanse, ved å sjå satsingsområda «tidleg innsats, overgangar, folkehelse og utdanning til framtidas arbeidsmarknad» i samanheng, med eit overordna mål å oppnå livslang læring for alle.

Måla og strategiane vil gjelde for heile Telemark på tvers av regiongrenser og kommunegrenser.

Handlingsprogram for 2015-2016

Handlingsprogrammet er ei samordning av tiltak knytt til oppvekst og kompetanse i Telemark og er ei oppfølging av planen. Handlingsprogrammet inneheld konkrete tiltak for det første året i planperioden. Tiltaka byggjer opp under dei overordna strategiane, både innanfor investering, ordinær drift og utviklingsarbeid. Det er tiltak som høyrer under kommunalt, fylkeskommunalt, regioner og statleg ansvarsområde. Tiltaka som er med i handlingsprogrammet er sentrale i høve til måloppnåing av planen.

Døme på tiltak er mellom anna Matematikksatsing i grunnskulen og vidaregåande skule med mål om auke resultata i matematikkfaget, prosjektet Talenter for framtida er eit regionsamarbeid på tvers av sektornivå med mål om at fleire unge gjennomfører skulen, Helsefremmende barnehager og skole er ein folkehelsesatsing, Kvalitetsforum er samarbeid på tvers av kommune- og fylkeskommunenivå og med spesielt fokus på overgangar i opplæringsløpet mellom grunnskule og vidaregåande skule og tiltak for å få fleire læreplassar.

Politisk behandling og høyring

I forkant av politisk behandling i fylkestinget har planen vore gjennom Hovudutvalet for kompetanse, Hovudutvalet for kultur og Hovudutvalet for næring, og vore til orientering i Yrkesopplæringsnemnda.

Planen var ute på høyring med høyringsfrist 17. april 2015. Planen vart sendt ut til 123 høyringsinstansar og det kom inn 14 høyringssvar.

På bakgrunn av høyringssvara blei det gjort nokre mindre justeringar, men i stor grad gjekk høyringssvara ut på brei einighet om innhaldet i Regional plan for oppvekst og kompetanse.