Støtte til tiltak innenfor rekruttering og kompetanseheving i landbruket

Av: Vibeke Jakobsen / Publisert: 28.06.2012 / Oppdatert: 11.02.2019
Mann og kvinne i fjøs med nettbrett
Søknad om tilskudd sendes via elektronisk søknadsskjema. Søknadsfrist er 18. mars 2019.
Foto: www.colourbox.com
Åpne

 

Telemark fylkeskommune forvaltar midlar til tiltak over posten Rekruttering og kompetanseheving i landbruket i 2019. Midlar kan gå til kurs og andre tiltak som har som mål å sikre rekruttering og/eller kompetanseheving av næringsutøvarar og bidra til verdiskaping i landbruket.
Det kan søkas om tilskot til:
• Prosjekter/tiltak knytte til rekruttering til landbruksnæringen og tiltak som bidrar til å styrke rekrutteringa til naturbruksutdanning i vidaregåande opplæring.
• Gjennomføring av kompetanseutvikling og kompetansehevande tiltak innan tradisjonelt landbruk og nye næringar, her under støtte til tilbod av etter- og vidareutdanning for yrkesutøvarar i landbruket.
• Tiltak retta mot de som er i landbruket eller vurderer å starte opp næring i tilknyting til landbrukseigedom.
• Tiltak der ulike søkarar kan vise til konkret samarbeid med andre partar i landbruket vert prioritert. Søkast det om fleire tiltak må det leggas frem prioritert rekkefølge slik at fylkeskommunen får kjennskap til kva søkar ser som viktigast å gjennomføre.
Med atterhald om endringar i brev om tilsegn.
Vilkår for tilsegn:
• Søknad om støtte til kurs/prosjekt må sendes inn og behandlas før gjennomføring.
• Tilsegn skal være utløysande for tiltaket.
• Fylkeskommunen si del av finansieringa kan maksimalt utgjere 50 %.
• Kurs må ha regional/lokal med finansiering, eigeninnsats og/eller deltagar finansiering.
• Eigedel kan bestå av egne midlar, arbeidstimer, kontorhald, spreiing av informasjon om kurset og lignande.
Behandlast i hovudutval for næringsutvikling
Du må fylle ut dette skjemaet for at søknaden skal bli behandla.
Skjemaet er aktivt i form av å vere eit dokument som kan utvidas og endras. Krav til arkivering gjer at dette er eit krav.
Målet er å legge saka fram til politisk behandling i hovudutvalet for næringsutvikling i mars 2019.
Du må sende skjemaet til post@t-fk.no innen 18. mars 2019.
Søknadsskjema finner du 

Trykk her for å gå til skjema