Breibandsutbygging - Nasjonal tilskotsordning

Av: Tom Marius Lorier Holen / Publisert: 29.04.2014 / Oppdatert: 29.04.2014
Mann i skogen med laptop
Foto: Hjartdal kommune
Åpne

Det er også mogleg å søkja om støtte til utbygging av auka breibandskapasitet i område med eit eksisterande tilbod, men der kapasiteten er låg, og det ikkje er forventa kommersiell utbygging av breiband med høg kapasitet i dei næraste åra.

Søknadsfrist

Søknadsfristen er 6. juni 2014. Denne fristen kan bli forlenga i påvente av at tilskotsordninga skal notifiserast til EFTA sitt overvakingsorgan (ESA) basert på retningslinene til EU-kommisjonen for statleg stønad til breibandsutbygging. Utlysinga av midlar skjer med atterhald om at ordninga blir godkjend av ESA.

Kriteria for søknad

Kriteria for tildeling av midlar går fram i et eige skjema som skal leggjast ved søknaden. Dette skjemaet kan lastast ned på PT si nettside. Her vil du også finna ei rettleiing for utfylling av søknaden.

  • Søkjar om tilskot må anten vera ein kommune eller ein fylkeskommune. Søkjar får rolla som prosjekteigar og ansvarleg for gjennomføringa av prosjektet, og forvaltning av tildelte prosjektmidlar. Prosjektet kan vera eit samarbeid mellom mange partnarar, som til dømes kommunar, regionråd, grendelag og private aktørar.
  • For søknader som vert innvilga skal utbyggingsprosjektet leggjast ut på anbod.
  • Kommunar som planlegg å søkja om tilskot til breiband kan allereie no få lokale dekningskart hos PT. Bestilling kan sendast pr. e-post til firmapost@npt.no merka «Dekningskart for breiband». Karta blir produsert av konsulentfirmaet Nexia basert på den nasjonale dekningsundersøkinga i 2013. Det er viktig at kommunane i tillegg gjer eigne undersøkingar, då det kan vera feil eller manglande informasjon i datagrunnlaget for karta.
  • Kommunar som søkjer om tilskot skal offentleggjera informasjon om kva geografisk område den planlagde utbygginga gjeld, med høyringsfrist på minst 1 månad. Offentleggjering kan skje på kommunen  si heimeside, men i tillegg skal lenke til denne informasjonen sendast PT på epost: van@npt.no som vil publisera ein nasjonal oversikt over planlagde prosjekt.

Søknader skal sendast inn via søkesystemet regionalforvaltning.no:

https://www.regionalforvaltning.no/Startside/Velkommen.aspx?Ordning_Id=616&Cookie=0

Informasjon om ordninga og søknadsskjema: 

http://www.npt.no/teknisk/bredb%C3%A5nd/utbygging/nasjonal-st%C3%B8nad-til-breibandutbygging

Kontaktpersoner for ordninga i Post- og teletilsynet er:

Vanja Grut (van@npt.no) og Torgeir Alvestad (toa@npt.no)

Rettleiing i Telemark

Rettleiingstenesta for ordninga er organisert fylkesvis. Kontaktperson i Telemark fylkeskommune er: Torgeir Selle: e-post: torgeir.selle@t-fk.no