Kulturminneplan

/ Publisert: 20.06.2012 / Oppdatert: 02.11.2016
Bygningsdetalj,
Foto: Telemark fylkeskommune
Åpne

Bevaring og forvalting av kulturminne er ei oppgåve som lett kan koma i konflikt med andre utviklingsoppgåver kommunen har. Noko av grunnen til dette kan vere at ein ikkje har god nok oversikt over kulturminneverdiane som finst og kva det er verdt å ta vare på. Ein kulturminneplan er med på å betre oversikta og forvaltinga av kulturminneverdiane.

God kulturminneforvalting har som utgangspunkt å finne rom både for bevaring og bruk av kulturminne og for utvikling av det som er nytt. Ein kulturminneplan er eit verdifullt hjelpemiddel i målretta, langsiktig og berekraftig utvikling, og legg til rette for økonomisk, kulturell og sosial verdiskaping.

Mangfaldet av kulturminne er viktig

St.meld. nr. 16 (2004-2005) Leve med kulturminner sier: "Mangfaldet av kulturminne og kulturmiljø skal forvaltast og takast vare på som bruksressursar, og som grunnlag for kunnskap, oppleving og verdiskaping. Eit representativt utval av kulturminne og kulturmiljø skal takast vare på i eit langsiktig perspektiv."

Kulturminna er dei viktigaste kjeldene vi har til kunnskap om utviklinga av samfunnet vårt og det miljøet vi bur og lever i. Mellommenneskelege forhold, tru, bruk av naturressursane, dei tekniske framstega gjennom tidene blir best uttrykte av mangfaldet av kulturminne frå ulike tidsperiodar og samanhengane mellom dei.

Kulturminne er viktige konstante faktorar som skaper kjensle av å høyre til på heimstaden, identitet og bolyst. Kulturminne er viktige kjelder til kunnskap, bruk og oppleving for barn og unge, fastbuande og for besøkande.

Det særpreget og den eigenarten som kulturminna gjev eit lokalsamfunn er med på å skape attraksjonskraft for besøkande og kan nyttast som ein ressurs i utviklinga.

Det finst mange kulturminne som ikkje er freda, men som bør takast vare på. Desse bør ein identifisere og verdsette gjennom ein kulturminneplan, slik at ein kan ta omsyn til dei i plan- og byggesaker.

Gode grunnar for å lage ein kulturminneplan

Kulturminneplanen kan:

  • Gjere innbyggarane samt private og offentlege planleggarar klare over ressursane som finst i kommunen.
  • Gje viktig informasjon og hjelp i all planlegging etter plan- og bygningslova.
  • Gje eigarar og andre større føreseielegheit og lette byggesakshandsaminga i kommunen.
  • Syne kvar ein treng å sette inn ressursar i førebyggande arbeid og i kulturelt utviklingsarbeid. 
  • Vere eit verkemiddel i skuleundervisning.
  • Vere interessant og opplysande lesing for innbyggarane.
  • Vere eit hjelpemiddel til prioritering ved fordeling av SMIL-midler.