Eigar sine rettar og ansvar

/ Publisert: 20.06.2012 / Oppdatert: 07.05.2013
Detalj (Foto: Unn Yilmaz © Riksantikvaren)
Foto: Unn Yilmaz © Riksantikvaren
Åpne

Rettar

Eigarar av freda kulturminne har krav på råd og rettleiing frå kulturminneforvaltinga. Hos oss får du informasjon om fredinga og omfang av fredinga. Vi gjev òg råd om tiltak og vedlikehald. I tillegg får du informasjon og hjelp til utforming av søknader og saksbehandling.

Eigarar av freda kulturminne kan søkje om økonomisk støtte til istandsetting, mellom anna gjev Riksantikvaren midlar til freda bygg, anlegg og kulturmiljø.

Ansvar

Alle huseigarar har ansvar for vedlikehald av husa sine, jamfør plan- og bygningslova. Eit jamleg vedlikehald og forsvarleg bruk er det beste vern. På sikt vil det òg lønse seg økonomisk, fordi ein slepp store utgifter når forfallet har gått for langt.

Eigarar av freda kulturminne har ansvar for å søkje om løyve til tiltak som går utover vanleg vedlikehald. I fall du er usikker på kva du som eigar kan gjera, kan du kontakte kulturminneforvaltinga for rettleiing. Du finn meir informasjon om tiltak på freda bygg og anlegg her

Som eigar av eit freda hus eller anlegg er det òg viktig å hugse på føresegna gjeve i kulturminnelova

  • Om ein gjer skade på eit kulturminne, eller iverkset tiltak utan godkjenning, kan eigar/brukar pålegjast å tilbakeføre tiltaka. Om dette ikkje blir gjort, kan kulturminneforvaltinga få det utført på rekninga til brukar/eigar. Om kulturminne er i ferd med å forfalle grunna manglande vedlikehald, kan eigar/brukar pålegjast å iverksetje tiltak som motvirker dette. 
  • Om eit freda kulturminne blir skadd ved brann eller anna ulykke, skal eigar/brukar melde frå til fylkeskommunen snarast mogleg.
  • Brot på kulturminnelova vil bli vurdert meldt.