Fredingsgjennomgangen

/ Publisert: 19.06.2012 / Oppdatert: 23.11.2016
Loft og veslebur på Mo Øvre i Vinje kommune(Foto: Unn Yilmaz © Riksantikvaren).
Loft og veslebur på Mo Øvre, Vinje
Foto: Unn Yilmaz © Riksantikvaren
Åpne

Den oppdaterte registreringa av de eldste fredingane gjev eit godt grunnlag for vidare samarbeid om dei historiske anlegga. 

Gjennomgang av alle dei eldre fredingane

Fredingsgjennomgangen i Telemark omfattar 192 bygningar fordelt på 115 anlegg. Til samanlikning omfattar prosjektet på landsbasis 1.900 bygningar fordelt på 917 anlegg.

Telemark fylkeskommune har gjort synfaringar og registreringar av dei freda bygningane. Omfang og føremål ved fredingane er klargjorde.

Kva vart freda i Telemark i perioden 1923-1979?

I Telemark vart dei fleste fredingane vedtekne i 1923. Dei fleste bygningane som vart freda på 1920-talet tilhøyrer bondekulturen i Øvre og Midtre Telemark. Heile 80 % tilhøyrer denne kategorien.

Stovebygningar og loft i den øvre delen av fylket utgjer til saman halvparten av bygningane som vart freda i Telemark i 1923-1978.

I åra 1750-1850 blomstra folkekunst som treskurd og rosemåling, og det var mange dyktige kunstnarar i Telemark. Mange av stovene har rosemåla interiør og snekra inventar, medan det er treskurd på hjørnestolpar, beitskier og svalgang på lofta.

Gardsjord i Rauland, Vinje

Stolpene i den opne svala har dekor i form av dobbelt rankeverk i flatskurd.


Foto: Unn Yilmaz © Riksantikvaren
Åpne

I Nedre Telemark er det overvekt av herregardar, borgerskaps- og patrisierhus. I Skien og Porsgrunn vart det òg freda bygningar som høyrde til borgarskapet og embetsstanden.

Fleire av dei freda herregardane og patriserhusa er tilknytt jarnverks- og sagbruksdrifta i Skien og Ulefoss.

Ulefos Hovedgaard

Ulefos Hovedgaard, Ulefos Lille, Fossum, Vold og Holden er tilknytt jarnverks- og sagbruksdrifta i Skien og Ulefoss. 


Foto: Hans Olav Stegarud © Riksantikvaren
Åpne

Felles for fylket er at det hovudsakleg vart freda enkeltbygningar. Til dømes berre stove og/eller loft på gardstuna og hovudbygningen på borgerskapsgardane. Berre nokre få heile gards- og bygardsanlegg vart freda. Dei fleste bygningane kan daterast til åra 1750-1820.

I margen til høgre kan du laste ned faktaark om Fredingsgjennomgangen i Telemark, og sjå fleire døme på fredingane. Les meir om Fredningsgjennomgangen på Riksantikvarens heimeside.

Fredingsgjennomgangen

Fredingsgjennomgangen er eit landsdekkande prosjekt som vart starta av Riksantikvaren i 2006. Det har vært eit samarbeid mellom Riksantikvaren og den regionale kulturminneforvaltninga i fylkeskommunen. Prosjektet har si bakgrunn i Stortingsmelding nr. 16.

Resultat:

  • Gje eigarane til anlegga større førseielegheit og klarare rammer.
  • Gje kulturminneforvaltninga eit betre grunnlag for vedtak.
  • Styrkje høvet for vern gjennom forsvarleg bruk. 
  • Bidra til auka kunnskap, medvit og positiv merksemd om fredningane.

Når prosjektet no vert avslutta vil Riksantikvaren sende eit "presiseringsdokument" til eigarane av dei freda husa.