Vindlausloftet

Av: Ingvild Tjønneland / Publisert: 29.11.2012 / Oppdatert: 23.11.2016
Vindlausloftet og natur, Eidsborg
Vindlausloftet
Foto: Ingvild Tjønneland
Åpne

Lenge trudde ein at Vindlausloftet var frå 1200 eller 1300-talet, men nærare undersøkingar viste at det er bygd ca. 1170. Det gjer loftet til det eldste verdslege (profane) trehuset i Noreg. Truleg er trehuset det eldste i Europa òg. Til samanlikning er den eldste kyrkja i Noreg, Urnes stavkyrkje i Sogn og fjordane, frå ca. 1130.

Det eldste verdslege trehuset i Noreg

Korleis finn ein rett datering til eit hus? Bilete, fotografi eller skriftlege kjelder er nyttige verktøy for å kunne gje ei datering, men når det gjeld hus frå gamal tid, er det ofte få kjelder. Da må ein sjå på byggjeteknikk, materialar og arkitektoniske former. Det kan òg være dateringar eller andre detaljar som seier noko om byggjeår. Likevel er det årringsdatering som vil gje den mest presise tidfestinga. 

Ved å studere utforminga kan ein berekne ei omtrentleg datering av Vindlausloftet. Vindlausloftet er oppført med findalslaft eller findalshogg. Det er ein måte å tømre på som ikkje har vore i bruk i Noreg etter svartedauden (1349). Det er òg rissa inn runer ved sida av døra i andre etasje, som skrive seg frå ca. 1300. Innskrifta lyder: “Desse runer riste Vestein. Heil både den som riste og likeins den som rår (les) runene”.

Tjørekrossane på døra skulle verne mot oskoreia i jula. Trua på oskoreia er ein del av den norske folketrua, saman med trua på nisser, troll, huldra og draugen. Ein har brukt tjørekross frå heidensk tid og heilt ut på 1800-talet. 

Dendrokronologi

Årringsdatering i 2007 ga ei meir eksakt, og overraskande, datering av loftet. Norsk institutt for kulturminneforskning (NIKU) tok prøver av treverket og Vitenskapsmuseet ved NTNU i Trondheim analyserte prøvane.

Ved denne metoden studerer ein årringane. Fordi ein manglar den ytre årringen frå treet, er konklusjonen at loftet er bygd eit par år etter 1167.  

Dendrokronologi, eller treringdatering, kan brukast til å fortelje alderen på trevirke frå forhistoria. Treringene er eit slags “fingeravtrykk” som er unikt for tretypen og tidsrommet treet har vakse i. Ved å samanlikne “fingeravtrykket” med eit register kan ein avgjera når treet er frå.

Automatisk freda kulturminne

Det er bevart mange loft frå mellomalderen i Telemark. Trehus frå mellomalderen, er ein del av den norske byggjeskikken og ein viktig del av vår kulturarv. Døme er stabbur, loft og stavkyrkjer.

Alle hus frå mellomalderen er automatisk freda etter kulturminnelova. Det omfattar alle hus frå før år 1537. Alle ståande byggverk med erklært opphav frå perioden 1537-1649 er òg automatisk freda.

Riksantikvaren er myndigheit når det gjeld tiltak på automatisk freda kulturminne frå før 1537, medan fylkeskommunen har ansvar for automatisk freda kulturminne frå etter år 1537.

Åse Stålekleiv

Vindlausloftet er truleg det eldste huset på garden Lofthus i Eidsborg. Loftet vart flytta til Vindlaus rundt år 1820. Grunna segn om Åse Stålekleiv, heiter loftet for Stålekleivloftet òg. 

Åse Stålekleiv var rik og hadde mykje lin. Ifølge segn skal det ha vore sønene hennar som bygde loftet for at ho skulle ha ein stad å lagre linet.

Ville gjere sønene store og sterke

Segna fortel at Åse Stålekleiv hadde tre søner som ho ville gjere så store og sterke som mogleg. For å vite kva ho skulle fore gutane med for at dei skulle bli sterke, fora ho tre stutekalvar på ulikt fôr. Ein fekk saup (væske frå ystinga), den andre fekk mjølk og dei tredje fekk korn/mjøl. 

Etter ei tid, let ho stutane trekke ein tung stein og jaga dei i retning Høydalsmo. Saupstuten ga seg fyrst, deretter orka ikkje mjølkestuten meir, men stuten som hadde fått korn, kom heilt opp på heia. Til minne om styrkeprøva, sette ho opp tre steinar. Dei kalles «Stavane» og «Stutane», og står framleis på heia mellom Eidsborg og Lårdal.

Åse meinte at den som trakk steinen lengst, hadde fått det beste foret. Difor ga ho sønene sine korn, og dei vart store og sterke. Det er dei som skal ha bygd Vindlausloftet.

Vindlausloftet

Loftet står til høgre. Eit bur står attmed loftet og er frå 1608. Bygningane tilhøyrer Vest-Telemark Museum. 


Foto: Ingvild Tjønneland
Åpne