Kulturlandskapet i Nordbygdi

Av: Jorun Aresvik Hals / Publisert: 18.08.2014 / Oppdatert: 02.12.2016
Utsikt over Nordbygdi
Foto: Jorun Aresvik Hals
Åpne

Nordbygdi ligg i ein dal som skrår ned mot Ambjørnsdalen, mellom Flatdal og Sauland, i hjartet av Telemark. Geografien har ikkje gjort det naturleg å føre hovudvegen gjennom bygda. Dei til dels bratte dalsidene har ført til at moderniseringa av landbruket har gått saktare her enn mange andre stadar. Spor etter gamle driftsmåtar og busetnaden som høyrer til desse har fått bli att.

Fordi det gamle kulturlandskapet er så godt ivareteke som det er, er bygda ei viktig kjelde til kunnskap om fortida og det biologiske mangfaldet som høyrer til i det før-industrielle jordbrukslandskapet.

Om ein tek ein rundtur i Nordbygdi legg ein raskt merke til at vegane går i buktingar gjennom bygda, frå gard til gard. Mange gardstun har framleis eit mangfald av bygningar, og ein kan framleis sjå rike spor etter drift før den vart mekanisert. Vi skal no sjå litt nærare på desse spora frå gamal tid.

Før-industriell byggeskikk

Nordbygdi har som alle stadar sin del av det industrialiserte gardsbruket sine byggeiningar. Det finns fleire døme på våningshuset i sveitserstil og den raude einheitslåven. Som ein kontrast til dette står dei eldre tuna med eit mangfald av små eldre driftsbygningar og som det finns særs mange av her.

Sud-Åbø i Åbøgrenda med sine mange små bygningar er eit godt eksempel på den før-industrielle byggeskikken. Sud-Åbø er eit av dei best bevarte og mest intakte gardsbruka i bygda. Her står det mange bygningar som er reist over ein periode på kring 700 år, noko som gjer garden til ein av dei eldste i bygda.

Husa er bygd på tradisjonelt sett, i all hovudsak som tømrer eller som ein kombinasjon av laft og stav-konstruksjonar. Taktekkinga er i dag ein variasjon av flis, bord, jord og teglstein. Gamle bilete syner at det og har vore nytta spon.

Mangfaldet av bygningar vitnar om stor og variert aktivitet og produksjon. Her finns både fjøs og sommarfjøs samt restar etter ein stall. Det står fleire uthus for lagring her, og bygningar som smie, sag og eldhus fortel om produksjon av varer ein trong både i drifta av garden og til å leve av.

I tillegg til bygningane i innmark, har det nok og vore fleire bygg nytta til lagring i utmarksslått og stulsdrift.

Bygningane fortel både i tal, plassering og utforming om at ulike funksjonar har stilt ulike krav til konstruksjonane. Dette har gjeve oss det karakteristiske før-industrielle gardstunet.

Spor etter gamle driftsmåtar

Det er ikkje berre byggeskikken som fortel oss om busetnad og jordbruk i gamal tid i Nordbygdi, det gjer også rike spor av menneskeleg verksemd i sjølve landskapet.

Eit døme på det før-industrielle kulturlandskapet finn ein i skråningane nedanfor Risvoll- og Århusgardane. Her gjer gamle vegfar, steingardar, rydningsrøyser og moglege åkerreiner jordet til eit lappeteppe som står i sterk kontrast til åkrane i flatbygdene.

Jordbruket i Noreg tok til for kring 6000 år sidan. Dei funna som er gjort i Hjartdal gjev grunn til å tru at jordbruket tok til i Hjartdal lenge før dei noverande gardsbruka sine bygningar vart reist. Spor som åkerreiner kan vere ein indikasjon på gardsdrift attende til perioden kring Kristi fødsel.

  • Se større versjon av bildet
  • Se større versjon av bildet
  • Se større versjon av bildet
  • Se større versjon av bildet
  • Se større versjon av bildet

Noko av dei eldste kjende spora etter menneskeleg aktivitet i bygda er gravhaugane. Ein av desse er Kjempehaugen, ein gravhaug dagsett til jernalderen. Det skal ha vorte funne pilspissar frå same tidsperiode i nærleiken. I 1932 vart det dessutan funne ein pilspiss i flint ved haugen, noko som fortel om aktivitet i Nordbygdi allereie i steinalderen.

Eit kulturlandskap med sjeldne blomar

Nordbygdi er eit viktig kulturlandskap i Telemark ikkje berre på grunn av byggeskikk og spor etter tradisjonell drift, men og på grunn av den biologiske artsrikdomen.

I Nordbygdi finns det fleire sjeldne planter. Området Hjartdal–Svartdal har mellom anna den største førekomsten av Søstermarihand i landet. Søstermarihand, som og er fylkesblomen i Telemark, er ein raudlisteart som er tett knytt til slåttemark.

Det biologiske mangfaldet i kulturlandskapet er eit resultat av tradisjonell drift. Det har oppstått gjennom lang og kontinuerlig nytting av landet gjennom beite, slått og lauving. Nyttinga av alle tilgjengelege ressursar på dette viset, kombinert med lite eller inga nytting av gjødsel, har gjeve gode veksttilhøve for konkurransesvake planter. Fører ein inn modernisert drift, vert veksthøva for ei stor mengde planteartar som er knytt til kulturlandskapet trua.

Tradisjonell drift og skjøtsel er difor avgjerande for at kulturlandskap av nasjonal tyding slik som Nordbygdi vert oppretthalde.