Rapport frå kurs i nevertekking

Av: Jorun Aresvik Hals / Publisert: 04.12.2014 / Oppdatert: 04.10.2016
Foto: Vest-Telemark Museum
Åpne

Kurset var støtta av både Riksantikvaren og Telemark fylkeskommune.

Vest Telemark museum heldt kurs i nevertekking i perioden 15.-17. september 2014. Kurset hadde som mål å heve kompetansen til kursdeltakarane på tekking med never, samt auke røynda om samspelet mellom tro, never og torv.

Kurset var ope både for handverkarar og for andre interesserte, og begge desse gruppene var representerte blant dei 17 som deltok.

Ny kunnskap

Loftet frå Tveit fekk nytt tak under Riksantikvarens sitt «Middelalderprosjekt» på byrjinga av 1990-talet.

Middelalderprosjektet hadde som mål å sette i stand alle mellomalderbygningane i landet til eit forsvarlig vedlikehaldsnivå. Ei utfordring med dette prosjektet låg i hente fram kunnskap om gamle arbeidsmetodar som i stor grad var i ferd med å bli gløymde. Riksantikvarens prosjekt var difor i like stor grad eit læringsprosjekt som eit istandsettingsprosjekt.

Tekkinga som vart lagt på Tveitloftet i 1992 byrja å lekke etter få år. Kurset hadde difor også som mål å hente inn ny lærdom frå det arbeidet som tidlegare var gjort.

Før kurset byrja hadde ein gjort seg nokre tankar om kva som kunne vere årsaken til at taktekkinga ikkje heldt, knytt både til tilhøvet mellom taktro og never, leggemåte og kvalitet på både never og torv, og eventuelt også takvinkel.

Svaret på desse spørsmåla og kurset forøvrig kan du lese meir om i sluttrapporten som ligg i margen til høgre.

Regional utvikling

Telemark har ei rik og flott bygningsarv. For at denne skal kunne leve vidare og vere grunnlag for verdiskaping og næringsutvikling er det viktig at den vert vedlikehalden. Kunnskap er avgjerande i denne samanhengen.

Telemark fylkeskommune ønskjer å stimulera til auka kunnskap om og formidling av restaureringshandverk og antikvarisk istandsetting. I 2014 har dette mellom anna vorte gjort gjennom økonomisk støtte til kurs i restaureringshandverk, slik som Vest-Telemark Museum sitt kurs i nevertekking.