Nye tilskotsordningar

Av: Ingvild Tjønneland / Publisert: 13.03.2013 / Oppdatert: 19.01.2015
Bilde av skilt.
Foto: Telemark fylkeskommune
Åpne

Telemark fylkeskommune kan fom. 2013 tilby to nye tilskotsordningar:

Tilskotsordningane er ein del av regionale utviklingsmidlar og har løpande søknadsfrist gjennom heile året. Ein sender søknad via regionalforvaltning.no

Formidling av kulturminne

Telemark fylkeskommune ynskjer å bidra økonomisk til at kulturminne takast vare på og å gjere kulturminna tilgjengeleg for publikum. Midlane skal brukast til å tilrettelegge kulturminne for alle, særskilt born og unge. Prosjekt som legg vekt på universell utforming og opplevingar for tilreisande oppmodast til å søkje.

Vi gjev tilskot til å utforme formidlingsopplegg. Vi kan òg gje stønad til å tilrettelegge kulturminne for publikum, og til skjøtsel av kulturminne etter fastlagte retningsliner. Ein må utarbeide formidlingsopplegg, tilrettelegging og skjøtselsplan i samråd med kulturminneforvaltinga i Telemark fylkeskommune. 

Kurs i restaureringshandverk

Telemark fylkeskommune ynskjer å stimulere til auka kunnskap om og formidling av restaureringshandverk og antikvarisk istandsetjing. Midlane skal brukast til å arrangere kurs i restaureringshandverk og det er krav om at ein kvalifisert fagperson skal leie kurset. Målgruppe er handverkarar og elevar i den videregåande skulen i Telemark.

Det er viktig å auke kunnskapen om restaureringshandverk for å kunne møte utfordringane i kulturminnevernet. Praktisk arbeid er ein god metode for å tileigne seg slik kunnskap. Nokre døme på kurs som vil kunne få økonomisk stønad er kurs i restaurering av vindauge, lafting med fleire.