Kulturarv som verdiskaping

Av: Jorun Aresvik Hals / Publisert: 04.08.2014 / Oppdatert: 04.10.2016
Reiskaper nytta ved antikvarisk istandsettingsarbeid
Foto: Jorun A. Hals, Telemark fylkeskommune
Åpne

Verdiskaping og næringsutvikling er satsingsområder i fylkeskommunen sin strategi for kultur og kulturarv, samt Regional plan for reiseliv og opplevelser.

Istandsetting av freda og verneverdige bygningar betyr næringsmoglegheiter for tradisjonshandverkarar. Kulturarv som vert ivareteken gjev nye bruksmoglegheiter for private eigarar og reiselivsnæring. Godt vedlikehaldne kulturminne gjev betre besøkstal ved eksisterande attraksjonar så vel som moglegheit for å drive fram nye attraksjonar. Desse kulturminna gjev også positive ringverknader for lokal næring og -samfunn forøvrig.

Tilskota som går til kulturarven er viktige bidrag i satsinga på verdiskaping i Telemark. Nedanfor kan du lesa meir om dei ulike tilskota.

Fartøyvern

Riksantikvaren fordeler årleg fleire millionar kroner til fartøyvern. I 2014 har 60 millionar vorte fordelt til fartøy av nasjonal verdi. Av desse har 7,16 gått til Fram, Gamle Kragerø, Storegut og Ammonia.

Det vart søkt om nærare 164 millionar på landsbasis.

For at eit fartøy skal kunne få tilskot, er det særleg to tilhøve som er viktige seier Riksantikvaren. Det eine er den kulturhistoriske relevansen fartøyet har hatt for norsk maritim verksemd. Det andre er fysisk tilstand og grad av autentisitet.

Teknisk-industrielle kulturminne

I 2014 har 14 utvalde industrianlegg fått tilskot gjennom ein fast post i statsbudsjettet til forvalting, drift og vedlikehald. I Telemark har UNESCO-aktuelle Rjukanbanen fått eit tilskot på 3,07 millionar i år.

Totalt hadde Riksantikvaren kring 59 millioner kroner å fordele på teknisk-industrielle kulturminne i  2014

IMG_4869 stor
Åpne

I tillegg til tilskota til fartøyvern og teknisk-industrielle kulturminne kjem Riksantikvarens tilskot til freda bygningar og anlegg. Den totale tilskotsummen frå Riksantikvaren sine midlar for 2014 var på over 7 millionar kroner. Av desse gjekk 6,1 millionar til bygningar og anlegg via fylkeskommunen, medan dei resterande kronene vart fordelt til mellomalderbygningar direkte frå Riksantikvaren.

Regionale utviklingsmidlar

Frå 2013 har det vore mogleg å søke tilskot til kurs i restaureringshandverk gjennom dei regionale utviklingsmidla, i tillegg til tilskot til skilting og skjøtsel.

For 2014 vart det fordelt 413 525 kroner til kurs i restaureringsprosjekt i Notodden, Tokke og Vinje. I tillegg vart det fordelt 583 000 kroner til skilting og skjøtsel av kulturminne i Telemark.

Norsk kulturminnefond

Norsk kulturminnefond har også gjeve løyvingar til antikvarisk istandsetting av bygningar og fartøy. Kulturminnefondet har i 2014 gjeve 3,79 kroner til kulturminne i Telemark. Dette er ei auke på over ein million samanlikna med føråret.

Norsk kulturminnefond gjev i all hovudsak tilskot til kulturminne som er verneverdige, ikkje freda. Kulturminnefondet har årleg søknadsfrist 1. november. Du finn meir informasjon om søknadsmoglegheitene for tilskot til antikvarisk istandsetting på sidene våre.

Andre løyvingar

I tillegg til dei statlege tilskotsordningane vert det årleg gjeve økonomisk støtte til bygningsvern frå fleire legatar og stiftingar som har bygningsvern og kulturarv som formål.

I år har det vorte gjeve økonomisk støtte til prosjekt knytt til kulturarv i Telemark både frå Sparebankstiftelsen DNB og Stiftelsen UNI. Fleire av organisasjonane som gjev slike tilskot skal framleis dela ut middel i 2014.