Digitale kulturminne

Av: Ingvild Tjønneland / Publisert: 03.06.2013 / Oppdatert: 03.06.2013
Oterholt i Bø (Foto: Ingvild Tjønneland)
Oterholt i Bø kommune
Foto: Ingvild Tjønneland
Åpne

Kultur- og naturreise er eit samarbeid mellom Norsk Kulturråd, Riksantikvaren, Direktorat for naturforvaltning og Kartverket. Bø og Sauherad kommune deltek i eit av pilotprosjekta, og Telemark fylkeskommune sit i styringsgruppa i prosjektet. 

Prosjektet starta opp i 2011 og er no under fullføring. Firmaet EVRY vann nyleg anbudskonkurransen om å utvekle ein app for prosjektet. App`en  vil bli lansert til hausten. 

Kultur- og naturreise

Målet for prosjektet er å digitalisere kulturarv- og naturinformasjon slik at informasjonen blir tilgjengeleg for mobile brukarar (mobil, nettbrett). Målgruppene for prosjektet er både folk i buss, bil, syklande og gåande. I tillegg til fastbuande og turistar. 

Kultur- og naturreise har tre pilotprosjekt: Bø/Sauherad i Telemark, Akerselva i Oslo og Dovre i Oppland. 

Bø/Sauherad-piloten

Bø/Sauherad-piloten består av fire turkonsept:

  • Kjærlighetsstien med Gamlegata på Gvarv
  • Turstien frå Oterholt og langs Bøelva
  • Evju Bygdetun med Tangen
  • Evjudalen i Bø
Evju Bygdetun

Foto: Sindre Flø
Åpne

Kultur- og naturminne i områda for dei fire turkonsepta er kartfesta, i tillegg er fakta og historier om stadene lagt ut i Digitalt fortalt. Kultur- og naturarven blir levande gjennom tekst, lyd og bilete. Nokre døme er forteljingane om tettstaden Gvarv, felebygda Bø, hardingfela og fossekallen.

Den lokale kunnskapen frå frivillige er ein viktig faktor for prosjektet. Prosjektleiar for Bø/Sauherad-piloten er Sindre Flø, og det er arrangert fleire workshops og seminar undervegs i prosjektet.