No kan du søke midlar til folkemusikk- og dans

Av: Rønnaug Flatin / Publisert: 25.06.2019 / Oppdatert: 25.06.2019
Hallingdanser sparker hatt.
Foto: Ingvil Skeie Ljones
Åpne

I fylkeskommunens Strategi for kultur, kulturarv og bibliotek er folkekultur eitt av tre prioriterte kulturelle fyrtårn. Som eit pilotprosjekt løyver fylkeskommunen kr 300 000 for å støtte tiltak som styrkjer opplæringa innan folkemusikk og -dans i Telemark, som kan stimulere til samarbeid, og som kan gje gode vekstvilkår og tilhøve på fleire nivå og for ulike aldersgrupper.

Føremålet med prosjektet er å opprette nye eller vidareutvikle eksisterande læringsarenaer for folkemusikk og -dans i 2019/2020. Tiltak som kan gje varig positiv effekt vil bli prioritert.

Tilskota utbetalast i 2019, men kan brukast til aktivitetar i 2019 og 2020. Det blir sett ei øvre grense på kr 100 000 per tildeling.

Les heile saken her.

Slik søkjer du:

Skriv ein kortfatta søknad med skildring av tiltaket og grunngjeving for at akkurat dette tiltaket skal prioriterast, samt eit enkelt budsjett.

Søknaden sendast per e-post til tfkpostarkiv@t-fk.no og merkast med «Fyrtårnsatsing folkekultur 2019-2020» og saksnummer 19/10195.

Søknadsfrist 1. oktober 2019

Døme på tiltak kan vere:

- tilskot til å opprette nye eller vidareutvikle eksisterande læringsarenaer

- subsidiering av kurs for instruktørar eller stipend til vidareutdanning

- samarbeidsavtaler med kulturskular om oppretting av delfinansierte prosjektstillingar

- andre tidsavgrensa tiltak som kan gje varig effekt