Fyrtårn folkekultur - desse har fått tilskot

Av: Line Ruud Ørslien / Publisert: 06.11.2019 / Oppdatert: 06.11.2019
Foto: Ingvil Skeie Ljones
Åpne

Som ei oppfylging av handlingsdelen til Strategi for kultur, kulturarv og bibliotek vart det tidlegare i haust lyst ut midlar til folkemusikk og -dans i Telemark.

Føremålet med prosjektet var å styrkje opplæringa innan folkemusikk og -dans, både ved etablering av nye læringsarenaer eller vidareutvikling av eksisterande, og slik få i gang tiltak som kan gje varig positiv effekt for folkemusikk og -dansmiljøet i fylket.

Hovudutval for kultur, idrett og folkehelse løyvde fyrst kr 300 000, og styrka prosjektet med ei tilleggsløyving på kr 125 000. Vi mottok 18 søknadar på til saman over kr 800 000 innan fristen 1. oktober.

Potten på kr 425 000 vart fordelt slik:

  • Gransherad Spel- og dansarlag: innleige av instruktørar: 15 000 kroner
  • Sørnorsk folkemusikksenter: Folkemusikk fordypning 2020: 80 000 kroner
  • Sørnorsk folkemusikksenter: turné "Skulen dansar": 27 000 kroner
  • Telemark folkemusikklag: UngFolk 2020: 60 000 kroner
  • Fyresdal kommune: danseopplæring i skulen: 22 000 kroner
  • Vinje kulturskule: danseopplæring i U-skulen, samling og instruktør dans Vinjar: 60 000 kroner
  • Vinje Spel og dans: barne og ungdomskonsert på Landskappleiken: 25 000 kroner
  • Seljord folkemusikklag og Seljord kulturskule: danseopplæring i skulen, 5.-7. trinn: 30 000 kroner
  • Kviteseid kulturskule og Seljord kulturskule: prosjekt med folkesang i skulen, 1.-4. trinn: 30 000 kroner
  • Hedda Seniordans: nybegynnarkurs: 5 000 kroner
  • Sørnorsk folkemusikksenter: Folkemusikk fordypning Ung/rekruttar 13-15 år H2019: 26 000 kroner
  • Folkemusikkscena på Rauland: Julekonsert og talentutviklingsprosjekt med Majorstuen: 15 000 kroner
  • Vinje Folkeakademi: Folkedans-/songleikgrupper på samfunnshusa: 30 000 kroner