Oppmoding om å stenge skogsvegnettet i Telemark

Av: Helge Nymoen / Fylkesmannen i Telemark / Publisert: 05.06.2018 / Oppdatert: 05.06.2018
Kaffebål
Nå er det stor skogbrannfare i Telemark.
Foto: Bjørn E. Lauritzen
Åpne

Samstundes er det ei oppfordring om å sette opp informasjonsplakater ved innfartsårer og sentrale turområde.

Skogbrannfareplakatar fåast ved å kontakte Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap: trykksak@dsb.no, eller kan skrivast ut på fargeprinter frå denne lenken: Skogbrannplakat.pdf.

Bakgrunn for denne sterke oppmodinga er den ekstreme situasjonen vi har i fylket i dag med knusktørre skog- og utmarksområde og framleis utsikt til tørt og varmt vær. Ved å avgrense motorisert ferdsel innover i skogområde vil vi redusere ferdsel og risikoadferd i utilgjengelege og fjerntliggande område. Responstid er ofte heilt avgjerande for å unngå store katastrofer. Fylkesmannen forventar at alle tek ansvar og gjer sitt for å unngå farlege situasjonar.

Telemark har omlag 500 mil med skogsbilvegar og i tillegg omfattande traktorvegnett. Fylkesmannen reknar med at ca. ein tredjepart av skogsbilvegane kan låsast med bom, men at desse vegane dekker to tredjepartar av skogarealet med vegdekning.