Stønad til etablering av hurtigladestasjonar

Av: Kjell-Tore Haustveit / Publisert: 11.02.2015 / Oppdatert: 29.06.2015
Ladestasjon for elbil
Foto: Kjell-Tore Haustveit
Åpne

I fjor haust løyvde hovudutval for samferdsel 1 million kroner til ordninga i 2014/2015. Føremålet med utlysinga var å raskt få etablert ein ladeinfrastruktur i Telemark som gjer gjennomreise muleg i heile fylket.

I 2014 blei det tildelt 600 000 kroner til ladestasjonar i Seljord, på Haukeli og på Åmot.

For 2015 var det att 400 000 kroner. I mai blei Fortum tildelt 200 000 kroner til hurtigladestasjonar i Porsgrunn og Bø. Det er ikkje satt av meir penger til denne type tiltak i år.

Føresetnader og prioriteringar

Støtte tildelast med følgjande føresetnader for den enkelte ladestaden:

  1. Innhald i søknaden skal oppfylle krav i siste utlysning frå Transnova i 2014* med tilskot som vist i ein finansieringsplan, eventuelt med tilsvarande finansiering frå anna hald.
  2. Ladestadene skal vere i drift innan 6 mnd etter tildelt tilskott frå aktuelle offentlege aktørar.
  3. Drifta på ladestadene skal oppretthaldast minimum 7 år.
  4. Ladestadene skal kunne nyttast av brukarar med tilgang til vanlege betalingsmedel.

Stønad ble fordelt på ein slik måte at ein best muleg får etablert eit dekkande nett for ladeinfrastruktur etter visse geografiske og marknadsmessige prioriteringer.

Følgande kriterie er lagt til grunn:

Basert på dagens rekkevidde, på marknadsgrunnlaget og på lokaliseringa av dei allereie utbygde ladestasjonane bør ein i Telemark prioritere å etablere hurtigladestasjonar i følgande område:

Prioritet 1: Haukeli langs E134, Åmot langs E134, Seljord langs E134, Midt-Telemark langs Rv36 samt Grenland mellom Porsgrunn sentrum og Moflata langs hovudvegnettet.

Prioritet 2: Rugtvedt langs E18 og eventuelt andre ruter.

Prioriteringa føreset at den planlagde ladestasjonen ved Moheim blir realisert innan 21.02.2015.

Den nøyaktige plasseringa vil til ei kvar tid måtte tilpassast dei næraste eksisterande eller planlagde ladestasjonane samt øvrige kriterie.

*) Krav frå Transnova kan tilsendast viss det er ønskeleg, kontakt: Hilde F. Andersen.