Invitasjon til dialogkonferanse om lokalruter og skuleskyss

/ Publisert: 21.09.2017 / Oppdatert: 17.11.2017
Ungdommer venter på buss i Porsgrunn
Foto: Dan Riis
Åpne

Konferansen ble avholdt på Bø Hotell, 8. november 2017.  

Fylkeskommunen treng innspel og tilbakemeldingar på korleis konkurransegrunnlaget for desse tenestene kan utlysast.

Målgruppa for dialogkonferansen er busselskap og eventuelt støre underleverandørar av t.d. minibussar og bussar. 

Telemark fylkeskommune ynskjer å ta opp følgjande tema på dialogkonferansen:

  • Fylkeskommunen sitt mål for tenestetilbodet
  • Krav om alkolås
  • Miljøløysingar
  • Geografisk inndeling av avtalene
  • Kontraktsperiode
  • Selskapsnøytrale knutepunkt

Innlegg frå deltakarane:

  • Røynsle frå dagens kontrakt, førebudde innlegg frå dei fire rutebilselskapa som køyrer i dag.
  • Innlegg frå selskap som ikkje er etablert i området i dag.