Invitasjon til dialogkonferanse om drosje- og turvognanbod

/ Publisert: 21.04.2017 / Oppdatert: 21.04.2017
Drosjer på drosjeholdeplassen på Landmannstorget i Skien
Drosje- og turvognkontraktene i Telemark skal ut på anbod.
Foto: Dag Jenssen
Åpne

Fylkeskommunen treng innspel og tilbakemeldingar på korleis konkurransegrunnlaget for desse tenestene kan utlysast. Målgruppa for dialogkonferansen er drosje- og turvognoperatørar, busselskap og eventuelt større underleverandørar av til dømes drosjer og minibussar.

Telemark fylkeskommune ynskjer å ta opp følgjande tema på dialogkonferansen:

  • Fylkeskommunen sitt mål for tenestetilbodet
  • Krav om alkolås
  • Geografisk inndeling av avtalene
  • Konkurransesituasjon og kapasitet
  • Prismodell
  • Kontraktsperiode

Innlegg frå deltakarane:

  • Røynsle frå dagens kontrakt, to førebudde innlegg
  • Innlegg frå transportør som ikkje er etablert i området i dag
  • Innlegg frå rutebilselskap som administrerer undertransportørane sjølv

Kaffe og rundstykker serveres frå kl. 09.30, og lunsj blir servert ca. kl. 12.00.