Høyring for regional plan for ATP

Av: Aslaug Norendal / Publisert: 10.04.2013 / Oppdatert: 10.04.2013
Barn på bussholdeplass
Planarbeidet er i gang og skal leggast fram for politisk vedtak i løpet av 2013 for deretter å sendast ut på høyring.
Foto: Birgitte Hellstrøm
Åpne

I regional planstrategi, vedtatt oktober 2012, bestemte Fylkestinget at det skal utarbeidast ein regional plan for samordna areal og transport i Telemark.

Den nye planen skal erstatte følgjande regionale planar i Telemark:

  • fylkesvegplan
  • senterstrukturplan
  • kollektivplan 
  • trafikktryggleiksplan

Stadsutvikling og knutepunktsutvikling

Tiltak innanfor veg, kolektivtransport og trafikktryggleik kan med fordel koordinerast betre. Ikkje minst kan arealspørsmål, knutepunktsutvikling og stadsutvikling koplast betre opp mot tiltak innanfor samferdsel. Dette skal handterast i den nye planen, med kortnamn ATP Telemark.

Planarbeidet er i gang og skal leggast fram for politisk vedtak i løpet av 2013 for deretter å sendast ut på høyring. Det er lagt opp til brei medverknad med kommunane og med andre samfunnsaktørar.

Planprogrammet er nå ute på høyring og skal vedtas i juni. Planprogramet gjer greie for kva tema planen skal handle om, kva som skal utgreiast, kva overordna føringar som gjeld og kva form for medverknad det er lagt opp til.