Opna ny tannklinikk i Fyresdal

Av: Hanna K. Hekkelstrand / Publisert: 07.06.2018 / Oppdatert: 08.06.2018
Rådmannen ligger i tannlegestolen, mens de andre som deltok på åpningen står rundt
Foto: Hanna Hekkelstrand/Telemark fylkeskommune
Åpne

Klinikkleiar for Seljord, Vinje og Fyresdal tannklinikk, Live Lid Breiland, var stolt over å kunne opna det nye tilbodet.

- Det er utruleg bra at me har fått etablert eit lokalt tilbod her i Fyresdal. No slepp folk å reisa til Seljord eller Vinje for å komma seg til tannlegen, med det konsekvensen det har i form av fråver frå jobb og skule, sa ho.

 

Nærast for godt til å vera sant

Fram til hausten 2017 har fylkeskommunen kjøpt tannhelsetenester frå privat tannlege i Fyresdal, men då han gjekk av med pensjon valde fylkeskommunen å sjølv etablera eit offentleg tilbod.

Det er rådmann Ketil Kildal i Fyresdal kommune veldig glad for.

- At det kjem eit offentleg tannhelsetilbod i Fyresdal i dag er nærast for godt til å vera sant. Fylkestannlege Turid Kristoffersen i Telemark fylkeskommune har verkeleg vore ein pådrivar, og me skuldar ho ein stor takk, sa han.

De fremmøtte er samlet inne i behandlingsrommet på tannlegekontoret

Klinikkleiar Live Lid Breiland stod for den formelle opninga av klinikken. 

 

Totalrenovert

Klinikken er no totalrenovert, og det er investert i mykje nytt utstyr.

- Me har hatt eit strålande samarbeid med kommunen i regi av rådmann Ketil Kiland, og vil skryta spesielt av prosjekt/byggeleiar John Kjell Lien og gjengen hans på teknisk etat som har stått for oppussinga. Det har blitt utruleg fint, sa Lid Breiland.

Dei fyrste pasientane har allereie fått prøva den nye tannlegestolen, og fleire bestilte time i løpet av torsdag føremiddag. Sidan Fyresdal har vore utan tannlege i om lag seks månadar no, vil det nok vera ein del pågang i starten slik at det kan bli noko ventetid på time.

Tannlege Ida Helene Bruun Syversen og assistent Anne Tovslid er tilsette ved både Vinje og Fyresdal tannklinikk, og kjem framover til å jobbe cirka 50% ved kvar klinikk.

- I praksis tyder det at kontoret vil vera ope måndag, tysdag og annankvar onsdag. Om tilbodet blir populært ser me ikkje vekk ifrå at det kan bli utvida etter kvart, sa Lid Breiland.

 

Positivt signal

Både Lid Breiland og Kildal sett stor pris på at Telemark fylkeskommune valte å etablera tannklinikken.

- Det at fylkeskommunen investerer i eit tilbod i ein utkantkommune i desse samanslåingstider er veldig bra og eit positivt signal, sa dei.

Assistenten, tannlegen og klinikklederen står sammen inne i "sterilen"

Assistent Anne Tovslid, tannlege Ida Helene Bruun Syversen og klinikkleiar Live Lid Breiland er klare for å ta imot pasientar.