Samarbeid for gjennomslag

Av: Tom Marius Lorier Holen / Publisert: 18.03.2016 / Oppdatert: 08.06.2016
Fylkesordfører Sven Tore Løkslid på Arena samferdsel Telemark
Foto: Anne-Gro Ahnstrøm
Åpne

Det sa fylkesordfører Sven Tore Løkslid under Arena samferdsel Telemark i Bø.

- Det er viktig at Telemark er samstemt og snakker med en tydelig stemme overfor statlige etater.  Vi har store ambisjoner for vekst og utvikling i Telemark – da trenger vi gode veier og jernbane, sier fylkesordfører Sven Tore Løkslid.  

- Vi har mange utfordringer innenfor samferdsel i Telemark blant annet E134 med arm til Bergen, Grenlandsbanen og bymiljøavtale i Grenland.

Forslaget til nasjonal transportplan ble presentert 29. februar og alle aktørene i Telemark jobber nå sammen for at fylket skal bli prioritert i planen. Under møtet ble forslaget presentert av regiondirektør i Statens Vegvesen Kjell Inge Davik.

Arena samferdsel Telemark er et felles forum hvor fylkesordfører Sven Tore Løkslid har invitert kommunene, NHO, LO og flere andre viktige aktører i Telemark til stå samlet i høringen av Nasjonal Transportplan.

Vedtakspunkter NTP 2018-2029, oppsummert etter Arena samferdsel Telemark, 18. mars 2016 

Hovudprioriteringar

Det er eit godt grunnlag for arbeidet med den komande Stortingsmeldinga om NTP 2018-2029 som nå er lagt frem og sendt på høyring.  For å legge til rette for næringsutvikling, nye arbeidsplasser og regionforstørring for heie Telemark er det viktig med et fungerande nasjonalt transportsystem som bygger opp om klimamåla. Dei høgast prioriterte prosjekta i Telemark er:

  • E134 Haukelivegen
  • Jernbane med dobbeltspor gjennom Søndre Vestfold 

Riksveg

2.1      Ut frå regjeringa sitt tydelege signal i desember 2015 om at Statens vegvesen skal leggja til grunn at E134 skal være den eine av 2 priorterte vegsamband mellom aust og vest forventar Telemark fylkeskommune at denne vegen må sikras samanhengande utbygging i planperioden uansett økonomisk ramme.  Opprusting av ein så viktig høgfjellsovergang må sjåast på i ein heilskap og vegen må ha ein standard som sikrar at den er open heile året.  Telemark fylkeskommune meiner prosjekta på E134 må prioriteras i slik rekkefølge:

  1. Haukelitunnelene – Seljestad-Røldal i første del av planperioden
  2. Saggrenda-Gvammen
  3. Gvammen-Vågsli
  4. Hordalandsdiagonalen

2.2      For å ivareta heilskapen i transportsystemet og godt samband mellom Grenland Havn, E18 og E134 er Rv. 36 og Rv. 41 svært viktige.  Det er positivt at Rv. 36 Slåttekås-Årnes ligger inne som bundet prosjekt i plangrunnlaget. Vidare utvikling av Rv. 36 må prioriteras i planperioden.  Rv. 41 Treungen-Vrådal må prioriteres i middels ramme.

2.3      Det er positivt at det er avsett midlar til Nye Veier AS som føresett.  Telemark fylkeskommune forventar at vidare planlegging og utbygging av E18 gjennom Telemark prioriteras høgt og ikkje vert forseinka som følgje av etablering av utbyggingsselskapet. 

Jernbane

3.1      Dobbeltsporparsellen på InterCity-strekingen gjennom Søndre Vestfold må planlegges og ferdigstilles innan 2024.

3.2      Dobbeltspor Porsgrunn-Skien må planlegges og ferdigstilles innen 2027.

3.3      Det må setjas av midlar til vidare planlegging Grenlandsbanen slik at denne planleggas samtidig med ytre InterCity og ferdigstillas i 2027.

3.4      Vidare utvikling av eksisterande Sørlandsbanen må greias ut.  Den bind saman Kongbergregionen, Midt- og Vest-Telemark og Grenland via Bratsberg banen og er viktig for befolkninga langs strekninga helt frem til Kristiansand.  Av omsyn til auke både i person- og godstransport på bane er det derfor også viktig for Telemark at Kongsbergbanen rustes opp til moderne standard.

Byområdet Grenland

4.4      Det er positivt at satsinga på byområda føreslås styrka, og at Grenland er eit av dei 9 prioriterte byområda. Vi føreset at staten bidrar med finansiering av det auka behovet for drift av kollektivtransport og investeringstiltak i transportsystemet for å nå ambisjonane for næringsutvikling og sysselsetting og samtidig nå nullvekstmålet.

4.5      Telemark fylkeskommune forventar at det prioriteras meir midlar til Grenland gjennom ei bymiljøavtale. Det er viktig at investeringsmidlar til kollektiv, gange og sykkel kan brukast både på statlege, fylkeskommunale og kommunale vegar slik det er foreslått i plangrunnlaget. Vi har eit behov for 70 mill i årlig tilskot i planperioden for å både oppretthalde og vidareutvikle busstilbodet.Vi er positive til satsing på eit raskt og effektivt samband for syklistar mellom Porsgrunn og Skien, men vi vil påpeike at foreslått ekspressrute må sjåast i samband med standard på øvrig hovedvegnett for sykkel.

4.6      Ved vidareføring av Bypakke Grenland må det prioriteras midlar til:

  • Rv 36 gjennom byområdet med påkobling til E18
  • Fv353/356 (foreslått omklassifisert til riksveg) med kobling til hamn og framtidig næringsområde på Frier Vest
  • Vidare satsing på kollektivtrafikk (buss og bane) og mjuke trafikantar 

Fylkeskommunalt transportsystem

5.1      I lys av at vedlikehaldsetterslepet på riksvegane skal takas igjen i planperioden, må fylkeskommunane  setjast i stand til å stoppe forfallet og ta igjen etterslepet på fylkesvegane i løpet av same periode. Vegnettet heng saman og må sjåas i ein heilskap.

5.2      Det må løyvast friske, statlege midlar til å dekke kostnader som følgjer av nye krav, til dømes utbetring av tunneler som følgje av nye krav til tunneltryggleik. 

5.3      Auka satsing på kollektivtransport, sykkel og gange i heile fylket føreset auka statlege overføringar til fylkeskommunane til drift og investering. For drift av kollektivtransport er forutsigbarhet i finansieringen avgjørende for å gi et godt kollektivtilbud. 

Ny teknologi

Telemark fylkekosmmune gjev tilslutnking til satsinga på ny teknologi og ITS for å nå klimamåla.  Dette vil effektivisere transportsystemet både i byane og i fylket forvøvrig. Vi savner konkrete prosjekt i etatens plangrunnlag og ønsker å utpekt som pilotområde.  

Hamner og farleder

7.1    Utbetring av innseilinga til Kragerø må ferdigstillas. Utbetring av farvegen i Torsbergrenna er særs viktig for industrien og må takast med i middels ramme.

7.2    Hamner er viktige knutepunkt for gods, jamfør Godsutreiinga, men har ulike rollar. Det er viktig at ny tilskotsordning ikkje gir konkurransevriding.

7.3    Langesund Ferjeterminal som frakter personer og gods må defineras inn blant stamnetthamnene.

7.4    Utanlandskorridoren over Jylland må anerkjennas som ein viktig godskorridor til og frå kontinentet.  Grenland Havn og Larvik Havn må inngå som viktige stamnetthamner i denne korridoren.

7.5   Bratsbergbanen er hovedveg for gods til Grenland hamn og viktig for tømmerstransporten i fylket.  Vedlikehald av banen må være på ei slikt nivå at trafikken kan aukas utan at kvaliteten på banen hindrar dette..

7.6   Det er positivt at nytt anlegg for samansetting av godstog i Grenland er til vurdering.  Denne vurderinga må ta omsyn til den private jernbanen til Herøya med samband til Breviksbanen.

Luftfart

8.1   Ikkje-statlege flyplassar som Torp og Notodden spelar ei særs viktig rolle for regionalt og lokalt og næringsliv og sysselsetting.   Sandefjord Lufthavn Torp er viktig for store deler av befolkning og for næringsliv i Grenland.  Flyplassen på Notodden spiller ei viktig rolle for næringslivet i sin del av regionen. Staten må sørge for gode og forutsigbare økonomiske rammetilhøve for begge de ikkje-statlege flyplassane, slik at dei kan bidra positivt til lokal og regional utvikling.

8.2   Bygging av 3. rullebane på Gardermoen må vurderes opp mot ein avlastningsstartegi  gjennom styrking av dei ikkje-statlege flyplassane i regionen. 

Mindre investeringar (programområda)

9.1    Mindre investeringsprosjekt (programområda) knytt til både veg, jernbane og kyst/farvegar til sjøs kan gje stor effekt lokalt og regionalt.  Det er viktig med forutsigbarhet i løyvingane til dei enkelte prosjekta.

9.2   Telemark fylkeskommune legg til grunn at det vert lagt opp til ein god samarbeidsprosess med transportetatane regionalt om prioritering av slike prosjekt.