Regional plan for oppvekst og kompetanse

Av: Natalia Gundersen / Publisert: 18.06.2014 / Oppdatert: 19.06.2014
folkehelse, utdanning, plan
Foto: Hege Schjøth Øveraas, Telemark fylkeskommune
Åpne

Fylkestinget har bestemt at det skal utarbeidast ein regional plan for oppvekst og kompetanse i Telemark. Fylkesplanen for Telemark 2002-2009 vil bli erstatta og Bærekraftige Telemark Regional planstrategi 2012-2016 vil vera førande for den nye regionale planen.

Mål

Planen har som mål å leggje til rette for å styrke Telemark sin attraktivitet ved å framheve kunnskapstørst, skapartrong, nysgjerrighet og kreativitet.

  • Bærekraftige sosiale tilhøve gjennom å betre helsa, livskvalitet og oppvekstmiljø ved å stimulere til sosial og fysisk aktivitet, gode tiltak for å redusere unge uføre/arbeidsledige og sjå eldre aktive som ein ressurs.
  • Bærekraftige sosiale tilhøve i gjennom kompetanse og utdanning gjennom godt psykososialt miljø, stimulere til auka gjennomføringsgrad og læringsutbyte i den vidaregåande opplæring.
  • Bærekraftig økonomi gjennom gode tiltak for å redusere arbeidsledigheten blant unge og antall unge uføretrygda.

Planen skal samordne, i gangsette tiltak/prosjekt innafor oppvekst og kompetanse, identifisere manglar og leggje til rette for samordne verkemiddelbruk og avtaler mellom ulike aktørar for å løyse utfordringar. I planprogrammet har vi valt ut frå målsetting og utfordringar å føreslå følgjande fire hovudtema:

  • Tidleg innsats
  • Overgangar
  • Folkehelse
  • Tilpasse utdanning til framtidas arbeidsmarknad

Bærekraftige Telemark vil bli gjenstand for oppdatering og samordning slik at den nye planen står fram som eit leiande regional plan for oppvekst og kompetanse for heile fylket.

Politisk handsaming

Forslag på planprogram er no ute til offentleg ettersyn og høyring. Meir om planprogrammet og planforslaget.