Det blir ikkje aktuelt å konkurranseutsetje busstilbodet utanfor Grenland og Kragerø. Fleirtalet i hovudutvalet for infrastruktur vil heller ha direkte forhandlingar med dei aktørane som opererar i dag.
Med støtte frå Senterpartiet fekk opposisjonen gjennomslag i denne saka. Dei ville dra nytte av at nye EU-reglar framleis ikke er blitt lovfesta i Norge. Det kan skje om få månader, når Stortinget har behandla ei ny EU-forordning. Når det har skjedd, vil anbod ikkje vere til å unngå i dei tilfella der forordninga krev det.
Råd frå departementet
Fylkesrådmannen rådde utvalet til å følgje den nye EU-forordninga, og dermed konkurranseutsetje delar av passasjertransporten utanfor Grenland. Han viste til at departementet tilrår å gjere det alt nå, sjølv om EU-forordninga enda ikkje er implementert i norsk lov. Konsekvensen vart at passasjertransporten skulle bli konkurranseutsett i Drangedal, Notodden og Vest-Telemark. I dei øvrige områda utanfor Grenland ville det bli direkte forhandlingar om kontrakt, slik det har vore tidligere.
Sa nei
Men fleirtalet i hovudutvalet for infrastruktur sa nei til å konkurranseutsetje noka område. Det var Magnus Straume (A) som på vegne av Arbeidarpartiet, SV og Sp sette fram forslaget om å gå inn for direkte forhandlingar i staden for konkurranse.
Johan Tønnes Løchstøer (V) argumenterte for å følgje fylkesrådmannens innstilling. Han meinte at konkurranse om passasjertransporten ville gje det beste kollektivtilbodet til brukarane, og dessutan gjere det enklast å få samordna kollektivtilbodet i heile fylket.
Lars Bjaadal (Sp) var ikkje einig. - Med å avvise anbodsordninga, er vi med på å trygge både næringsinteressene og kollektivtilbodet utanfor Grenland, sa han.
Ikkje ferjene
Fleirtalsvedtaket vil likevel ikkje gjelde for ferjeselskapa i Porsgrunn og Kragerø. Her er det ei anna forordning som gjeld, og den er sett i verk i Norge. Kontraktsformen vil bli ei forenkla konkurranseprosedyre med forhandla kontrakt.
Fylkestinget
Saka skal endeleg avgjerast av fylkestinget i april. Forslagsstillar Straume understreka at administrasjonen må vere budd på å jobbe kjapt med saka etter behandlinga i fylkestinget, slik at nye framforhandla kontraktar kan vere på plass før dei nye EU-reglane tar til å gjelde.