Telemark bør dei to næraste åra satse på planar og tiltak for nyskaping og reiseliv. Det anbefaler fylkesrådmann Rolf-Helge Grønås i ein regional planstrategi som nå skal behandlast av fylkespolitikarane.
"Bærekraftige Telemark" er tittelen på planstrategien, som no har vore på høyringsrunde i kommunane og ulike andre instansar. Det har kome inn ei rad kommentarer og synspunkt på planstrategien.
Her kan du se kommentarane og meir om den regionale planstrategien for Telemark.
Her finn du det justerte strategidokumentet "Bærekraftige Telemark"
Vil konsentrere planarbeidet
Den regionale planstrategien "Bærekraftige Telemark" er utarbeidd av Telemark utviklingsforum, der fylkespolitikarar, kommunar og ei rad andre instansar har vore med. Dette er ein overordna og langsiktig strategi som avløyser den tidlegare fylkesplanen, og som skal justerast etter kvart fylkestingsval, altså første gang i 2012. - Både fordi det allereide finst planar for ei rad viktige område, og fordi tida er kort, foreslår vi å konsentrere planarbeidet no om område der vi manglar planar, nemleg nyskaping og reiseliv, seier Grønås.
Ikkje handlingsvakuum
Sjølv om det tar noko tid å lage desse planane, avviser fylkesrådmannen tvert at det vil bli handlingsvakuum i fylkeskommunen dei to næraste åra. - For det første er det som sagt fleire planar som er under gjennomføring eller er klare til å realiserast, m.a. Bystrategi Grenland og Kollektivplan for Telemark. For det andre er det ei rad fleirårige prosjekt innafor den gamle fylkesplanen som vil halde fram ut over 1.1. 2010, da fylkesplanen formelt blir avløyst av den nye regionale planstrategien. I tillegg har vi sjølvsagt klare aktivitetsmål i fylkeskommunens eigen økonomiplan.
Sjå samanhengar
- Vi kan ikke lenger basere vår vekst på forbruk at ikke-fornybare ressurser og nedbryting av de fornybare ressursene. Vi trenger en helhetlig utvikling som ser sammenhengene mellom sosiale forhold, økonomi og miljø. Vi må skape en utvikling som øker våre evne til å møte våre behov - uten å redusere framtidige generasjoneres muligheter for det samme, seiast det i strategidokumentet. Det set fokus på tre dimensjonar: Berekraftige miljø, berekraftige sosiale tilhøve og berekraftig økonomi.
Fire tema-område
Dokumentet peikar vidare på fire temaområde for Telemark: Kunnskap og nyskaping, klima og miljø, attraksjonskraft og livskvalitet og infrastruktur og transport. Fylkesrådmannen fekk i høyringsrunda brei tilslutning til desse hovudprinsippa i planstrategien. Telemark utviklingsforum, som har utarbeidd planstrategien, har hatt representantar frå kommuneregionane, NHO, LO Høgskolen i Telemark, Fylkesmannen, NAV, Jernbaneverket, Statens vegvesen, Innovasjon Norge og fylkeskommunen, i alt 20 repressentantar.
Politisk behandling
Strategidokumentet "Bærekraftige Telemark" skal behandlast politisk i alle hovedutvala i november og endeleg i fylkestinget 8.-9. desember.